søndag 10. august 2008

Sødal Terrasse

For deg som ikkje har fått det med deg, så har eg altså flytta inn i leilighet nå med Margrethe på Sødal! Margrethe henta med på toget fredag kveld (ho har vore her sidan tirsdag), og etter å ha snakka halve natta og sove ganske lenge på laurdagen, reiste me ut og handla til leiligheten. Ut i frå at me har ganske forskjellig stil, og det burde bygga opp til ein del ueinigheitar (eg prøver å skriva nynorske, men ja: det blir veldig unaturleg mange gongar - totalt ute av å skriva rett!), gjekk det ganske så bra!(Margrethe liker ting koselig, kanskje gammeldags og stilreint, medan eg er litt meir masse fargar og krasj. Hehe) Vel heime etter ein lang dag i Sørlandsparken, varma me noko mat og reiste ut til Dvergnestangen på møte på Arena (og traff mange frå Ansgar! Koselig! Pluss han kjekkasen eg har til kjæreste:) Etterpå åt me kebab i byen! Fantastisk:)
I dag har eg fått ordna til på rommet mitt, og det byrjar å sjå ganske så koseleg ut, om eg må seia det sjølv:) Margrethe har klaga heile dagen på at ho ikkje har gjort nokon ting fornuftig i dag (noko eg meinar nesten er meininga med søndagar), men ho har jo surra rundt her og laga system i kotta våre og rundt omkring! Ho er ein meister på å lage system:) Og så laga ho middag til meg, og det er jo tross alt veldig fornuftig ;)

Ikveld fekk me besøk av Jens Daniel, Leif, Jens Halvor og Solveig (? søstera til JH) og åt rips med vaniljesaus. Var skikkelig koselig! Er så kjekt å henga med folket igjen!

Men ja, over til det eg eigentleg tenkte eg skulle gjera då eg byrja å skriva dette innlegget: bilder frå vår skjønne leilighet:



gangen:kjøkkenet:
do/bad: (ja d e ganske lite, men veldig koselig:) til høgre for bildet er det dusj
stova:
utsikt frå stova:)

rommet mitt(ja eg skal sy opp gardinene!hehe)

utsikt frå rommet mitt
Margrethe sitt rom (ho kjem sikkert til å bli irritert over at rommet hennar var "rotete her":)
Nå veit de litt korleis det ser ut iallfall! Hjertelig velkommen på besøk!!

4 kommentarar:

mari sa...

ser fint ut! jeg gleder meg! :)

Margrethe sa...

Stemmer det... blir litt irritert på at du påstår at jeg er et galt ordensmenneske som ikke har noe bedre å finne på enn å lage system i kotta...

... og det var rotete på rommet mitt...

Hehe... ;)

Anonym sa...

eyh!! sommerfoglane dåkk har på veggen.. e di tilfeldigvis fra FRYD?:D hahah:)

-Ellen

Kristina sa...

stemme d;) sinnsjukt skjønne dei!