Etter ein deilig påskeferie på hytta med mor, far, Ane og litt Jens Daniel, kom eg tilbake til Oslo mandag kveld. Alltid litt rart å koma tilbake etter ferie! Eg har funnet ut av eg eigentleg er veldig flink til å tilpassa meg: eg har det bra her i Oslo, koser meg når eg er i Søgne hos Jens Daniel, og nyter å vere heime på Klepp. Problemet er bare at det misliker mellomtingen - eg liker ikkje å reise fra ein plass! Så då eg reiste fra familie, kjæreste, masse mat og varme, og kom til leiligheten min mandag kveld med tomt kjøleskap og kaldt rom, må eg ærleg innrømma at eg blei litt deppa. Men då tirsdagen kom var det lyst og deilig ute og all SNØEN HADDE FORSVUNNE, var ting liksom bra igjen! Mandagskvelden hadde eg helst lyst å bare krype under dyna og grine, men så fort det kom ein ny dag ordna alt seg liksom. Eg trur at av og til gjeld det å la vere å tenkje så masse på korleis ein har det akkurat i det sekundet ein er i, og heller ta eitt skritt tilbake og sjå på kor bra liv ein faktisk har! Eg har det jo bra :) Eg hadde det knallbra heime i påsken, men eg har det skikkelig bra her i Oslo òg!
- Og eg kan ikkje leggje skjul på av eg blir overmåte oppløfta av sol og vår! Hehe:)
Eg snakka med ho eine eg bur med i går kveld, og ho begynner med eksamener om 3 veker. Eg hadde midtvegseksamen rett før påske, så det er heldigvis litt lengre til eg begynner, men dette semesteret er jo faktisk snart ferdig! Snart er det sommerferie! Sprøtt å tenkje på!
Nå har eg overlevd 3/4 år på matematikk, informatikk og teknologi, og eg må innrømme at eg er stolt! I perioder har eg jobba livet av meg, men eg trur eg begynner å roe meg litt nå: begynner iallfall å klare å ta skikkelig "tenkefri" når eg ikkje er på skulen. Det er deilig! Men å studere er spennende altså! (men på ein dårleg dag er det nok ein sjanse for at eg seier noko anna..hehe:)
Blei ein del ærlighet her; er jo ikkje vits å bare skrive overfladiske ting. Men nå trur eg rett og slett eg skal ta det store steget og ta årets andre joggetur! Eg tar jo heilt av i treninga i år! :P
Måtte bare avslutte med et bilde av min kjære, meg og den fantastiske dragen på hytta
6 kommentarar:
eg lige ærlighet, eg lige vår og eg lige deg:)
:D
Enig med Elisabet; eg lige deg og det var veldig kjekt å ha deg hjemme i påsken ! Ha en flott vår i Oslo ! Klem fra mor
Digge deg kristina=) sette kjempe stor pris på deg!savne deg her heima..
glad i deg, klem elisabeth=)
Du skrive bra. Og ærlighet er jo viktig, tror fleire kan kjenne seg igjen og relatere det til seg sjøl (at en kanskje ikkje er den eineste som har sånne tanker). Eg synes iallefall at det avogtil er litt stusselig å komme tilbake til tom hybel etter ferien.
søt blogg :)
Legg inn en kommentar